Småbylivet

Det hender eg gløymer kvar eg har lagt bilnøklane. Ikkje fordi eg er spesielt gløymsk av meg, men fordi det kan gå veker mellom kvar gong eg treng å køyra nokon plass, og i mellomtida har veret skifta såpass mykje at jakka der bilnøklane ligg i lomma er for varm, for kald eller ikkje vindtett nok, i verste fall pakka vekk for sesongen. Det tek meg tre og eit halvt minutt å gå til jobb, endå eg bur i sentrum og jobbar i utkanten av byen. Og yttergangen er full av jakkar til alle slags ver, sjølv om jobbvegen strengt tatt er kort nok til at eg kunne gått i pysjamasen. Men eg trur elevane mine hadde vorte litt forfær i så fall.

Eg har altså sånn cirka ein time meir fritid kvar dag enn dei aller fleste andre bybuarar. I tillegg har eg ein hage, der det heng ei hengekøye mellom to heller krokete bjørketrær. Der kan eg bruka desse bonustimane mine, i alle fall i nokre dagar til, gyngande og glanande ut over havna og fjorden eller inn i favoritt-dingsen min, ein Amazon Kindle.

Det tek meg rett i underkant av ti minutt å gå til butikken, jamvel om det einaste i sentrum som ligg lenger unna, er biblioteket. Når eg kjem til kassa, finn dei som står der fram rett sort røyk til meg før eg rekk å spørra. Av og til får eg lyst til å byta merke, berre for å sjå kor overraska dei eventuelt vert og kor lang tid det tek før dei har lært seg kva eg no skal ha.

Eg har tid til å tenkja på slikt, sidan eg berre brukar sju minutt av kvar dag i transport til og frå arbeidsplassen og tjue til og frå butikken. Og sidan eg har ein kindle, treng eg aldri gå så langt som til biblioteket. Med mindre eg vil. Men eg vil jo, for det er der mållaget held til, og i ein av glasmontrane deira står ei utgåve av «Speculum Boreale», dette fantastiske, rikt illustrerte topografiske verket frå tidleg opplysningstid som ber i seg den same storaugde undringa og gleden dei fleste opplever ved det første møtet med Finnmark.

På biblioteket har eg òg opplevd ein drøss med intimkonsertar, både klassiske og moderne. Det er som regel verd ein spasertur på elleve minutt kvar veg, jamvel i skitver. Med så mange bonustimar å bruka opp, vert det gjerne til at ein utnyttar kvar trevl av kulturliv byen har å tilby, særleg utanfor hengekøyesesongen. Med alt eg sparar på månadskort og bensin, for ikkje å snakka om det å ha einebustad med fjordutsikt til mindre enn ein million, kan eg gå på konsert og teater til krampa tek meg og framleis ha råd til middag etterpå og nye ebøker til dei rolege periodene der det ikkje skjer så mykje i byen.

Det er, sant å seia, eit stykke mellom dei. Det skjer noko heile tida, og det tek litt tid å venna seg til det. Eg meiner, i større byar kan ein ha til dømes teaterstykke og filmar som «går», men her er det altså slik at dei kjem. Du får éin sjanse. Og då tek du den.

Forfatter av dette innlegget er Lars O. Haugen. Tidligere vadsøværing fra Vestlandet. Innlegget ble første gang publisert i 2015.